Hundestøy
Etter kvart som urbaniseringa auker, må dei tidlegare uformelle reglane for korleis ein oppfører seg i samfunnet erstattast av formelle reglar – dette gjeld mellom anna kjeledyr. No ser det ut til å bli litt framgang når det gjeld hundar som bit. Det er flott. Om de hadde hatt eit opprop på nettsida dykkar hadde eg skrive meg på straks.

Mi kjernesak er hundestøy, sjå vedlagte nettside for døme. Den artikkelen vart fulgt opp av to andre som gjekk ut på at ingen offentlege instansar kunne gjera noko, og at alt var lovleg:


Gneldrer mot bjeffing
.
Søvnløse naboer anmelder dyrehjem
I snart seks år har beboerne i Strandhagen i Tvedestrand kjempet for å få flyttet et omplasseringshjem for hunder.
Agderposten 12 januar 2002


Godkjent og lovlig drift
Driften av omplasseringshjemmet er godkjent av veterinærmyndighetene.
Distriktsveterinær Per A. Filseth presiserer at første etasje i bolighuset er godkjent som oppstallingsplass for fem til seks hunder, og at innehaveren har tillatelse til ervervsmessig omsetning av dyr.
Agderposten 12. januar 2002


Utskjelt hundeelsker biter fra seg
Innehaver av Stranna omplassering, Karin Såmundsen, føler kritikken fra naboene svært urettferdig, og presiserer at driften av de omstridte hundehjemmet er godkjent på alle vis.
Agderposten 15. januar 2002


Eg har også undersøkt med kommunale etatar her i Stavanger, då me har hundar i nabolaget som kan finne på å bjeffe midt på natta. Dei sa at dei ikkje gjorde noko om det ikkje minst var tre hundar som bjeffa!

Frå både USA og Italia kjenner eg til forbud mot å la gneldrande bikkjer stå bundne ute. Er det noko de kunne tenke dykk å vera med på å få tatt med i den hundelova? Eg skal garantere at de i alle fall ikkje får FÆRRE folk som vil vera med. 🙂

Sigve Bø

Webmaster: Tormod Tørstad, ttoersta@online.no .  Sist oppdatert 19.01.2003
Det er tillatt å gjengi fra denne siden når kilden www.hundebitt.no gjengis.